|
Allmennyttige føremålAustevoll Kraftlag selde i desember 1996 aksjane sine i Sunnhordland Kraftlag for NOK 153 mill. Denne formuen har sidan vorte forvalta slik at ein kan sikre vidare utvikling av Austevoll Kraftlag og nærmiljøet i Austevoll. Vi har sidan starten lagt vekt på at avkastninga på kapitalen skal kome eigarane våre - innbyggjarane i Austevoll- til gode gjennom direkte utbetaling av kjøpsutbytte til andelseigarane, eller gjennom tilskot til allmennyttige føremål i kommunen.
Austevoll Kraftlag BA ønsker å være ein lokal medspelar. Vi ser det som ei viktig oppgåve å være ein aktiv samfunnsaktør. Mellom anna har vi avtaler med fleire ulike samarbeidspartnare, og er ein bidragsyter som støtter mangfoldet og bredden i idrett, kultur, og andre samfunnsnyttige tiltak som mange får gleden av. Her har vi satt opp eit samfunnsregnskap som viser hva vi har bidratt med dei siste 10 åra. Vi får fleire henvendingar om støtte kvart år. Austevoll Kraftlags mogelegheit til å bidra som sponsor vil vere avhengig av selskapets overskudd og må derfor sjåast i samanheng med økonomiske disposisjoner i forbindelse med regnskapsavslutning. Vi har derfor vald å behandle søknader om støtte to gonger per år.
Søknadsfrist vår: 15. april Søknadsfrist høst: 15. oktober Vi ynskjer oss ein skriftleg søknad. Denne vert ikkje behandla før etter at søknadsfristen er gått ut.
|
|||||||||